Søknadsfristen for regionalt miljøtilskot (RMP) er 15. oktober.
Det er same frist som for produksjonstilskot (PT). Til forskjell frå PT, som har teljedato 1. oktober, så opna systemet for å kunne søke RMP allereie frå 1. august.
Import-funksjonen er deaktivert (sett ut av funksjon) for søknadsomgangen 2019. Dette vil kort og godt seie at du ikkje kan be om å få lagt inn førre søknad (2018) og berre eventuelt gjere justeringar i denne for 2019. Årsakene til dette er omfattande endringar i RMP-tiltak og korleis desse er lagt inn i fagsystemet vi nyttar (eStil-RMP). Landbruksdirektoratet har difor vedteke å deaktivere import-funksjonen for denne søknadsomgangen. Den blir skrudd på igjen frå og med søknadsomgangen 2020.
Dette betyr ein god del ekstraarbeid for mange av søkjarane. Tiltaka må teiknast inn i kart på nytt. Og det betyr at det kan vere svært fornuftig å vere tidleg ute med å starte på RMP-søknaden. Ein del søkjarar veit ein av erfaring at dei treng ekstra hjelp til slikt.
På dette grunnlag vil vi oppmode om at dei som veit dei treng hjelp til å ta kontakt med kommunen så snart råd.
Inge Bjørdal