Stranda Hamnevesen KF er miljøfyrtårnsertifisert

Stranda hamnevesen KF er miljøfyrtårnsertifisert – har ei framtidsretta miljøstyring og ein miljøprofil basert på fakta.

Stranda hamnevesen KF, som er ei av Norges mest attraktive cruisehamner, kan stolt kunngjere at vi, som ei av ca. 15 norske hamner, er miljøfyrtårnsertifisert. Ei slik godkjenning og heider, stadfester at vi kan dokumentere miljøarbeidet vårt og at vi forpliktar oss til ei berekraftig utvikling og god miljøpraksis – noko som er i tråd med foretaket sin strategi.


Berekraft og næringsutvikling i fokus

Stranda hamnevesen har, noko som er ein del av prosessen med sertifiseringa, implementert ei rekke tiltak for å redusere miljøavtrykket. Dette gjeld all kai-infrastruktur, areal, bygg og kontor som vi har ansvar for. Sertifiseringa omfattar blant anna strenge miljøreguleringar, måling av utslepp til luft, kontroll på og mottak av septik/ gråvatn, handtering av avfall, all reiseverksemd og så langt det let seg gjere, bruk av miljøvenleg materiale.

Stranda kommune mottok merket for berekraftig reisemål den 6 desember 2023 og dette forpliktar. Miljøfyrtårnsertifisering er eit godt verktøy for å identifisere og styre risiko, evaluere og måle suksess, samt identifisere utfordringar og muligheter fram i tid. Slik sett, kan sertifiseringa av foretaket vere ein mal for resten av Stranda kommune. Ei anna positiv effekt, er at sertifiseringa er med på å forsterke ei merkevare som kan møte dei besøkande og innbyggjarane sine forventningar – som igjen kan ta del i dette viktige arbeidet.


Vår visjon for framtida

Stranda hamnevesen sin visjon er å skape eit berekraftig fjordsystem med fokus på å vekst og utvikling innan vårt ansvarsområde. Vi skal: 

  • utvikle eit komplett hamne- og kai system i Stranda kommune sitt sjøområde for å legge til rette for mottak av nye miljøvennlige og utsleppsfrie cruise- og passasjerfartøy i sjøområdet.
  • bidra i arbeidet med utgreiing og legge til rette for straumforsyning og ulike energiberarar på sjø og land.
  • bidra til å skape inntekter og sikre busetning
  • sørge for god økonomistyring og ​lønnsomhet i foretaket

 

Samarbeid med lokalsamfunn og kunder

Vi vil fortsetje å samarbeide med lokalsamfunn, kundar og andre aktører for å dele kunnskap og erfaringar innan berekraft og utvikling.  Gjennom partnerskap og samarbeid, som t.d Innovasjonsprosjektet Grøn kai, ynskjer vi å legge til rette for og fremje initiativ, som kan ha ei positiv innvirkning på miljøet. Med ei miljøfyrtårnsertifisering, vert det enklare å dokumentere foretaket sitt miljøarbeid og med det, også stille krav til våre samarbeidspartnere og kunder.

Stiftelsen Miljøfyrtårn er en ikke-kommersiell ordning for tredjeparts miljøsertifisering og en leverandør av styringsverktøy for kontinuerlig forbedring av vesentlige klima- og miljøaspekter i virksomheter.

For meir informasjon om sertifisering og miljøtiltaka våre, ta kontakt med:

Hamnesjef Rita Berstad Maraak, telf: 46 41 11 13

e-post: rima@stranda.hamnevesen.no

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)