Stranda kommune innmeldt i ROBEK

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i brev av 09.03.23 meldt Stranda kommune inn i ROBEK. Innmeldinga skjer på bakgrunn av kommunestyrevedtak den 21.12.2022, i sak 117/22 Budsjett 2023 og økonomiplan 2024-2026.

Kva er ROBEK?

ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innan dei fastsette fristane.


Stranda kommunestyre har i møte den 21.12.2022, handsama og vedteke budsjett 2023 og økonomiplan for 2024-2026. Statsforvaltaren har gått gjennom budsjett og økonomiplan som viser at det er budsjettert med uspesifisert innsparing for å få budsjett og økonomiplan i balanse. Saldering med uspesifisert innsparing er ifølge regelverket for ROBEK ikkje å ansjå som reduserte utgifter. Budsjett- og økonomiplanen er dermed å ansjå som vedteke med eit meirforbruk. Dette gir grunnlag for innmelding etter kommunelova § 28- 1 bokstav a og b

a) kommunestyret har vedteke eit årsbudsjett med meirforbruk.

b) kommunestyret har vedteke ein økonomiplan med meirforbruk.


For kommunar som er på ROBEK, inneber det at Statsforvaltaren skal føre kontroll med lovlegheita av kommunestyret sitt budsjettvedtak, jf kommunelova § 28-3. Statsforvaltaren skal også godkjenne vedtak om opptak av lån eller vedtak om langsiktige avtalar om leige av bygningar, anlegg og varige driftsmidlar som kan påføre kommunen utgifter ut over dei neste fire budsjettår. Vedtak i slike saker er ikkje gyldige før dei er godkjent av Statsforvaltaren.

Stranda kommune skal innan 24. mai utarbeide og vedta ein tiltaksplan som viser korleis kommunen skal nå økonomisk balanse.

Kommunen kjem ikkje ut av ROBEK før tidlegast mars 2024 når budsjett for 2024 er vedteke utan meirforbruk, og godkjent av Statsforvaltaren