Stranda pensjonistlag er tildelt Stranda kommune sin kulturpris 2021!

Nyss  

5 kandidatar var nominert til årets kulturpris. Helse, Oppvekst og Kulturutvalet(HOK) avgjer kven som skal ha prisen, og i år var det Stranda pensjonistlag sin tur.

Laget har i 49 år jobba  aktivt for å verne om pensjonistane sine sosiale, økonomiske, helsemessige, kulturelle og samfunnsmessige interesser, og målet er å sikra pensjonistane ein trygg, livskraftig og initiativrik alderdom.

Dei siste åra har medlemstalet vore i vekst, og dei er no ca 450 medlemar. Dei nyttar kulturhuset flittig. Mandags-kafeen er populær, og dei arrangerer vanlegvis 1 kulturarrangement i månaden.

I haust har dei organisert og stått for 6 kulturkveldar med middag for eldre heimebuande. Ca 500 har delteke og alt har gått føre seg på kulturhuset.

Prisen vart delt ut  på ein julefest som pensjonistlaget arrangerte på Storfjord Kulturhus torsdag den 25. nov.  Leiar i laget, Jens Petter Jelle, tok i mot prisen på kr 10000.-, diplom og ein bukett. Kulturleiar Elisabeth Opsvik og HOK-leiar Jostein Dalen var kommunens utsendte.

Stranda kommune gratulerer!