Synfaring på det nye beredskapssenteret i Geiranger 4 september

Ordførar Jan Ove Tryggestad ynskjer velkommen

 

Som kjent vert det samlokalisering slik at alle «blålysetatane»; brann, ambulanse og politi skal ha base på det nye beredskapssenteret som er under oppføring i Geiranger.

I den samanheng inviterte Stranda kommune justisminister Emilie Enger Mehl, representantar for blålysetatane brann, helse og politi, politikarar og samarbeidspartnarar til orientering og omvising på det nye beredskapssenteret.

Ordførar Jan Ove Tryggestad ynskte velkommen, og orienterte om beredskapssituasjonen i Geiranger og kva ansvar kommunen har i samanheng med beredskap.

Brannsjef Inge Teigen orienterte vidare om arbeidsforhold og krav til desse i etaten. Det vil bli svært gode lokale for blålysetatane i det nye bygget som stettar alle krav frå arbeidstilsynet, spesielt med reine og ureine soner.

Ein vil også få gevinst av at dei tre etatane er samla i same bygg. Dette mest med tanke på at ein kjenner kvarandre betre som gjer samhandlinga lettare i øving og alvor.

Prosjektleiar Inge Hole orienterte om bygget og innhald, før alle fekk ei omvising.

Etter omvisinga sa driftsenhetsleder for politiet på Sunnmøre Oddbjørn Solheim at politiet såg veldig fram til å bli samlokalisert med brann- og ambulanse i Geiranger.

Også for politiet er det ein stor fordel at ein får eit nært samarbeid med brann og helse.

Justisminister Emilie Enger Mehl var imponert over det ho hadde fått sett, og retta ei takk til kommunen og politiet for det arbeid som er gjort for å etablere eit nytt politisenter i Geiranger.
Sjå bilete frå synfaringa under.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete