Føremålet
Føremålet med tilskot til tiltak i verdsarvområda er å styrke landbruket i verdsarvområda, jf. § 1 i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Ordninga skal og medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og kulturlandskapsverdiar og hindre attgroing, jf. Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan.
Kven kan søkje?
Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, drivarar, landbruksføretak, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.
Kva kan du søkje om tilskot til?
Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere:
-
Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet
-
Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
-
Planlegging av tiltak
-
Tilrettelegging for ferdsel og formidling
-
Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga
-
Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området
Korleis søkjer du?
Søknad sender du på eige skjema. Du finn søknadsskjema i vedlagde lenke
Søknadsfristen er 20. oktober 2018
Søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal : Julsundveien 9, Postboks 2520, 6404 Molde, eller e- post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no
Det er viktig at du les godt gjennom retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema (sjå lenke). Her finn du mellom anna eksempel på korleis du skal fylle ut søknadsskjema, og korleis du skal rapportere etter at tiltaka er gjennomført.
Kontakt for meir informasjon eller spørsmål:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/ Ragnhild Naug Aas, tlf.: 71 25 85 19, e-post: fmmrraaa@fylkesmannen.no
Lenke til informasjon om tilskotsordninga:
Landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/verdensarvomr%C3%A5dene#verdensarvomraadene
Lovdata: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-08-10-966