Tiltak i kulturlandskapsområder registrert som verdifulle kulturlandskap

Dette er ei ordning som kanskje er lite kjend:
Områda som det kan søkjast om tilskot til står på ei eiga liste over prioriterte område. Utvalde kulturlandskap i jordbruket har ei eiga tilskotsordning og er ikkje inkludert i lista.

Tiltak som kan få tilskot er skjøtsel eller restaurering med sikte på å retta opp igjen eller halde oppe naturverdiane, kamp mot framande organismar, gjerding og tilpassa driftsform i jordbruket. I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr for å gjennomføra tiltak og informasjon.

Søknader om tilskot til skjøtselstiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan, me bli prioriterte. Der det er mogleg, bør tiltaka samfinansierast med tilskot til miljøtiltak i landbruket.

Desse kan søkje: Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.

Vi gjer merksam på at tilskot som vederlag for eigen arbeidsinnsats er å rekne som skattepliktig inntekt, jf. skattelova § 5-10. Dersom du søkjer som privatperson vil den delen av tilskotet som gjeld eigen arbeidsinnsats blir utbetalt som skattepliktig løn. Dersom du søkjer som næringsdrivande må denne delen av tilskotet førast inn i næringsoppgåva. Tilskot til dekning av dokumenterte utgifter i tilknyting til arbeidet er skattefritt, jf. skattelova § 5-11.

Sjekk gjerne om du kan søkje her - Lenke til søknadssenter

I Stranda er det områda kring Geirangerfjorden som ev. kan søkje; i Fjord kommune Herdalen/Norddal.

Søknadsfrist: 15. januar