Utlysing av støtte til kurs om berekraftsrapportering for trebaserte næringar
Prosjektet «Tredrivaren i Møre og Romsdal» vil støtte trebaserte næringar til å ta kurs om berekraftsrapportering.
Prosjektet «Tredrivaren i Møre og Romsdal» vil støtte trebaserte næringar til å ta kurs om berekraftsrapportering.
«Tredrivaren i Møre og Romsdal» er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, Fylkeskommunen og Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følge opp berekraftsmåla for sine områder, og skal formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen. I haust har «Tredrivaren» eit særleg fokus på berekraftsrapportering.
Det er eit mål at berekraftsrapportane frå næringa skal halde god kvalitet. Det er og ein forutsetning for at investeringar skal styres i retning av meir berekraftig verksemd. EU-krava forplantar seg gjennom verdikjedar, og vil styre privat kapital til å finansiere investeringane som er nødvendige for omstillinga til et lågutsleppssamfunn. Derfor er påliteleg berekraftsrapportering viktig for velinformerte slutningar og utvikling i berekraftig retning.
Norske trevarer er ein samarbeidspartnar for «Tredrivaren» samarbeider med, som også tilbyr kurs om berekraftsrapportering. Til desse kursa kan trebaserte bedrifter i Møre og Romsdal søke om støtte med inntil 50 % til dekning av kursavgift.
Målet med disse kursa er at deltakarane skal få eit godt utgangspunkt til å komme i gang med berekraftsrapportering.
Kven kan søkje om støtte?
Bedrifter i Møre og Romsdal som tilhøyrer verdikjeda til tre og tømmer. Døme på aktuelle søkjarar:
• Trebaserte næringar
• Trevareprodusentar
• Sagbruk
• Trelast
• Produsentar av trekonstruksjonar
• Møbelprodusentar
Søknaden skal merkast «Berekraftsrapportering - Tredrivaren i Møre og Romsdal» sendast til:
Tredrivaren
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Julsundvegen 9
Postboks 2520
6404 MOLDE