Vil du bidra til å gjere Stranda kommune meir attraktiv?

Her kan du gi innspel til utvikling av Stranda kommune, scann QR-koden på telefonen din og svar på spørjeskjemaet. 

Samfunnsdelen i kommuneplanen skal synleggjere utfordringar, mål og strategiar for utvikling av Stranda som lokalsamfunn. Måla og strategiane i samfunnsdelen legg føringar for korleis Stranda kommune skal vere i framtida.

Formålet med medverknad i planlegging er å sikre løysingar som tek omsyn til alle sine behov, gi deg ei stemme i utvikling av kommunen din, bidra til lokaldemokrati og gi politikarar eit godt grunnlag for å ta avgjersler som er relevante for innbyggjarane i Stranda kommune.

Her har du moglegheita til å kunne påverke utviklinga av kommunen din. 
Vi i kommuneadministrasjonen sett stor pris på alle innspel vi kan få til kommuneplanen.

Lenke til QR-kode