Vil du vere med på leksehjelp?

Flyktning og innvandrartenesta arrangerer leksehjelp for flyktningeborna og andre, kvar måndag kl. 17:00.

Dette er eit tilbod til borna i 1. – 10. klasse.
Vi ser på muligheitene for å inkludere elevar ved den vidaregåande skulen.Leksehjelp.jpg

Vi får tilbakemelding om at tilbodet er til stor hjelp.

For å gi eit godt tilbod ynskjer vi oss fleire frivillige. Vil du vere med på å gi borna ein god start i det norske samfunnet?

Dette er heilt uforpliktande. Du kan møte opp og hjelpe til når det passar deg.

Ynskjer du å vite meir om leksehjelpa, ta kontakt med ein av våre frivilligkontaktar.

Leksehjelpa held til på undervisningssenteret (tidl Mattilsynet), Hevsdalsvegen 54, Stranda

 

Frivilligkontakt:

Sunniva Rosenvinge tlf 464 11 084

Sunniva.rosenvinge@stranda.kommune.no

 

Hanne Støylen tlf 464 11 074

Hanne.stoylen@stranda.kommune.no