Kvardagsmeistring

Kvardagsmeistring er eit lågterskeltilbod der eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar tilbyr intensiv innsats i ei tidsavgrensa periode, for at du skal kunne klare deg best mogleg i kvardagen. Oppfølging skjer i din heim eller i ditt nærmiljø, og vi samarbeider tett med heimetenesta ved behov.

Ein aktiv og deltakande alderdom, der ein meistrar daglege gjeremål er viktig for å..

  • Kunne bu lengst mogleg i eigen heim
  • Oppretthalde god livskvalitet
  • Halde ved like kroppslege funksjonar
  • Halde fram med å vere sosialt deltakande
  • Utsette behov for hjelp


Målgruppa er:

  • Utskrivingsklare brukarar frå sjukehus, rehabilitering- eller kommunalt korttidsopphold som har behov for tverrfagleg oppfølging i heimen.
  • Du som bur heime, men som har hatt brått eller gradvis fall i funksjonsevne og som ynsker å oppnå eit betre funksjonsnivå. Dette kan vere til dømes innan personleg stell, matlaging eller andre aktivitetar.
  • Du som er motivert for å klare deg sjølv heime i størst mogleg grad.
     

Kva gjer vi?

  • Kartlegging: Heimebesøk med to frå teamet der ein har ein samtale med fokus på kva som er viktig for deg å meistre i din kvardag. Saman set vi konkrete mål for kva du vil meistre.
  • Innsats: Innsatsen består i hovudsak av trening i daglege gjeremål. Vi sett opp ein plan over kva vi skal trene på i ein tidsavgrensa periode.
  • Avslutning: Etter endt treningsperiode oppsummerar vi perioden og tek utgangspunkt i måla du satte ved oppstart. Etter dette legg vi ein plan for vegen vidare.


Kva forventar vi av deg?

Vi forventar at du kan vere med å formulerer egne mål, forstår rettleiing og er motivert til å gjere ein ekstra innsats for å nå dei måla som vi saman har sett opp.
 

Kontaktinfo:

Rebecca Ringdal-Tyssen, ergoterapeut rebecca.ringdal@stranda.kommune.no 
Tlf.: 464 11 077

Abegail Helland, fysioterapeut abegail.masocol.helland@stranda.kommune.no 
Tlf.: 464 11 173

Astrid Helene Ringdal, sjukepleier i heimetenesta astrid.helene.ringdal@stranda.kommune.no 
Tlf.: 464 11 156

Kontakt

Abegail Helland
Fysioterapeut
46411173
Rebecca Ringdal-Tyssen
Ergoterapeut
46411077
Astrid Helene Ringdal
Fagleiar i heimetenesta
46411156
Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)