Parkeringsløyve for forflytningshemma vert tildelt bilførar eller passasjer som har særleg behov for parkeringslettelser knytta til bustad, arbeid og anna aktivitet fordi personen har vanskar med å gå.
Det er Stranda kommune som gjer vedtak etter regelverk fastsatt i «Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede»,
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-03-18-264?q=forskrift%20om%20parkeringstillatelse
§ 1. Formål: «Formålet med denne forskriften er å gi forflytningshemmede med et reelt behov for parkeringslette et tilgjengelig parkeringstilbud.»
Søknad skal sendast:
Sosialtenesta i Stranda, Øyna 13, 6200 Stranda.
Søknadsskjema og veiledning får du ved Servicekontoret i Stranda, tlf. 70268000
Vedlegg til søknaden: Legeerklæring.
Søknader blir handsama fortløpande. Klagefristen er 3 veker. Klagen skal du sende til: Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda
Parkeringsbevis:
Eit personleg bevis med namn og bilde av den forflytningshemma.
Det blir oppretta eit sentralt register over parkeringsbevis. Vegdirektoratet er ansvarleg for å opprette registeret innen 1. januar 2018
Kvar finn ein ansvarlege for Parkeringsløyve for forflytningshemma i Stranda kommune:
Besøksadresse: Sosialtenesta, Øynagården 2.etg., inngang NAV Stranda.
Telefon: 70 26 80 00
Sjå også:
https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/parkering/parkeringstillatelse-for-forflytningshemmede/
http://www.nhf.no/rettigheter/parkeringstillatelse