Bibliotektenesta

Stranda folkebibliotek har hovudbibliotek i Stranda tettstad (Storfjord Kulturhus) og filial i Geiranger. Filialen i Geiranger er for tida utan bemanning.

Tilbodet vårt

Hos oss kan du låne bøker, lydbøker og tidsskrift, lese aviser og spele spel. Vi held til over tre etasjar i Storfjord Kulturhus i Stranda sentrum.

Bli lånar

Du må ha lånekort for å kunne låne med deg bøker heim og bruke dei digitale tenestene våre.
Du kan lage lånekort sjølv på denne sida, både til vaksne og barn under 15 år: Lag nasjonalt lånekort

Vi kan òg lage lånekort til deg i biblioteket. Barn under 15 år må ha løyve frå ein føresett for å få lånekort. Då må dei anten kome saman med ein føresett, eller ha med eit ferdig utfylt og underskrive registreringsskjema.
 

Lånereglar (DOC, 41 kB)

Registreringsskjema ny lånar (DOCX, 14 kB)

Ordensreglar Stranda folkebibliotek (DOCX, 20 kB)

 

Låne

Her kan du søke i samlinga vår: Stranda folkebibliotek

Om du har lånekort og pin-kode, kan du logge på for å reservere materiale og fornye låna dine.

 

Låne frå andre bibliotek

Med nasjonalt lånekort kan du sjølv logge på Biblioteksøk og bestille materiale som du kan hente hos oss. Du kan òg ta kontakt med oss, så bestiller vi det for deg.

Om du har lånt noko frå andre bibliotek, kan du levere det til oss, så sender vi det til eigarbiblioteket for deg.

 

E-bøker og e-lydbøker

Med appen BookBites får du tilgang til e-bøker og e-lydbøker. Last ned appen til smarttelefon eller nettbrett, logg inn og legg til lånekortet ditt for å få tilgang til tusenvis av bøker. Ta kontakt med biblioteket om du treng hjelp til dette.
 

Film

Du kan sjå film hos Filmbib og Filmoteket dersom du loggar på med lånekortnummer og pin-kode.

Materiale på andre språk

Vil du ha materiale på andre språk enn norsk, kan du sjekke ut Det flerspråklige bibliotek

Gje oss beskjed om kva du vil ha, så bestiller vi det til deg.

E-bøker og e-lydbøker på andre språk enn norsk finn du på Verdensbiblioteket.

 

Treng du materiale på lydbok eller punktskrift?

Har du synsvanskar eller lese- og skrivevanskar, kan du bli lånar hos Tibi

 

Tenester i biblioteket

Biblioteket har gratis trådlaust nettverk og datamaskiner du kan bruke. Du kan skrive ut, skanne og kopiere. Når du er tilkopla biblioteket sitt nettverk, kan du få tilgang til tenestene Flipp, Helsebiblioteket og Lovdata Pro.

Vi abonnerer på avisene Nyss og Sunnmørsposten. Du kan få tilgang til det digitale arkivet for desse avisene når du er i biblioteket.
 

Følg oss

Du finn oppdatert informasjon om opningstider, arrangement og nyheiter på Facebook-sidene våre: 

Stranda folkebibliotek på Facebook

Stranda folkebibliotek på Instagram

Geiranger filial på Facebook

Opningstider Stranda folkebibliotek

Måndag 12.00-18.00
Tysdag: 12.00-16.00
Onsdag: 12.00-16.00
Torsdag: Stengt
Fredag: 12.00-16.00
 

Opningstider Geiranger filial

Stengt inntil vidare.

Kontakt

Stranda folkebibliotek
Einingsleiar Elisabeth A. Opsvik
46411050
Elisabeth A. Opsvik
Einingsleiar kultur
46411054