Treningstider i idrettshallar

Lag og organisasjonar i kommunen kan leige kommunale idrettshallar og gymsalar gratis til trening på ettermiddag og kveldstid i vekedagane. Fordeling av treningstider blir gjort av kommunen etter søknad.

Vilkår Strandahallen 

Strandahallen blir i første rekke leigd ut til trening og arrangement av idrettsleg art, og til andre arrangement av sosial og kulturell art. Kvart lag/gruppe skal ha minst ein leiar/instruktør som har ansvaret for at ordensreglane vert haldne. Sjå ordensreglar i gjeldande reglement.

Leige av Strandahallen i helg, garderobar, arrangement/stemner o.a. vert regulert av satsane som til ein kvar tid er fastsett av kommunestyret. Reglementet for utleige er vedteke av helse- og oppvekstutvalet 11.12.2013. 

Leigesatsar Strandahallen

Strandahallen - reglement for utleige (DOC, 39 kB)

 

Søknad om treningstider 

For faste treningstider på ettermiddag og kveldstid, er det søknadsfrist 1. september. 
Treningstider fordelt for heile skuleåret. 

Søknad om faste treningstider i Strandahallen og/eller gymsalen på Ringstad skule gjerast via eiget skjema
 

For leige av andre gymsalar i kommunen, ta direkte kontakt med skulen. 

 

Kontaktinformasjon

For bruk av Strandahallen i helg eller ved andre spørsmål, ta kontakt med einingsleiar kultur og fritid Elisabeth A. Opsvik på tlf. 464 11 054 eller per e-post eliops@stranda.kommune.no