Formålet med kulturprisen
Formålet med prisen er å stimulere lag, grupper eller personar i arbeidet for utbreiing, utøving og organisering av ulike kulturaktivitetar i Stranda kommune.
Kven som helst kan kome med forslag på kandidatar til prisen. Det er ingen søknadsskjema eller mal for innsending av forslag.
Helse, oppvekst og kulturutvalet (HOK) i Stranda kommune avgjer om prisen skal delast ut, kven som skal få prisen og, i tilfelle deling, kor stor del kvar skal få.
Kulturprisen skal delast ut av HOK ved høve og kan delast ut berre ein gong til same person/lag/gruppe for same aktivitet.
Kulturprisen er på kr. 10 000.
Innmelding av kandidatar
Forslag med grunngjeving av kandidatar sendast til post@stranda.kommune.no. Merk søknaden med "Talentpris [år]".
Frist for innsending av forslag til kandidatar er 1. oktober.
Kontakt kulturleiar Elisabeth A. Opsvik på tlf. 464 11 054 eller e-post eliops@stranda.kommune.no om du har spørsmål.
Sjå retningsliner for kulturpris i Stranda:
Retningsliner kulturpris (PDF, 176 kB)