Formålet med kommunale tilskot er å stimulere aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar, og å støtte kulturtiltak i regi av einskildpersonar og organisasjonane.
Tilskot kan gå til organisasjonar som driv idrett, musikk, anna ungdomsarbeid og andre kulturformål.
Den som søkjer skal ha hovuddelen av sitt arbeid i kommunen eller arbeidet skal vere retta mot innbyggjarane i kommunen.
Årsmelding og rekneskap for forige år skal om mogleg sendast med søknaden, i tillegg til budsjett og medlemsliste. Ta kontakt med kulturleiar dersom de ikkje kan legge ved desse dokumenta.
Bruk elektronisk søknadsskjema - Lenke til skjema
NB! Søknadsfristen er 1. mai
For meir informasjon om ordninga, sjå retningslinjene: Retningslinjer kulturmidlar (DOC, 32 kB)