Trollhaugen barnehage

TrollhaugenVår visjon: «Liten med stort hjerte»

 

Trollhaugen barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage som ligg i Dalevegen 165, 5 minutt frå Stranda sentrum.

Vi er ein liten barnehage – med stort hjerte!

Vil du at barnet ditt skal gå i ein liten barnehage, der alle kjenner alle og der du kan vere trygg på at ingen forsvinn i mengda? Vi ynskjer at kvart barn som går i barnehagen skal kjenne seg viktige, få eit fang når dei treng det og kjenne at dei strekker seg mot læring gjennom kvardagsaktivitetar, temaarbeid og prosjekt.

Barnehagen vår har 24/30 plasser for barn 0-6 år. Vi disponerer 2 etasjer, og har mange leike- og grupperom. Delar av dagen er barna delt etter alder, då får dei tilrettelagde aktivitetar ut ifrå alder og føresetnader, i t.d samling, formingsaktivitetar og turar. Andre tider er dei ilag alle aldrar. Det er positivt for dei små og lære av og sjå opp til dei store, og dei store får lære vekk det dei kan og vise omsorg til dei som er mindre. 

Vi har alltid hatt stort fokus på tilstrekkelig bemanning gjennom heile dagen. Viktig alltid å ha nok vaksne til at alle barna blir sett og høyrt.

Vi har eit fint og kuppert uteområde med god plass til variert leik. Og vi har ei flott løe som vi bruker til leik, måltid eller spesielle arrangement. Vi har også skogen rett bak barnehagen, som eit flott utgangspunkt for tur i skog og mark.

Barnehagen er open mandag – fredag, 06.45 – 16.15.

Vi har ledige plassar vår 2022

Du kan også følgje Trollhaugen barnehage på Facebook.

E-postadresse: trollhaugenbarnehage@outlook.com

Adresse

Adresse:
Dalevegen 165
6200 Stranda
Tlf. avdeling: 93401558