Stranda og Fjord barnevern

  

Føremålet med barnevernslova er å sikre at barn og unge har gode/trygge oppvekstvilkår.

Dei sentrale oppgåvene til barnevernstenesta er å undersøke barnet sin omsorgsituasjon, sette i verk hjelpetiltak og om naudsynt fremje forslag om tiltak til Fylkesnemnda. 

Der det er behov for hjelp, skal barnevernstenesta tilby frivillige tiltak i heimen. Vi kan tilby:

  • Råd og rettleiing/samtale til familiar og samarbeidspartnarar
  • Tilvisande instans  til BUP.
  • Familieråd. (Familie og nettverk er med å finne gode løysingar)
  • Familieterapi.
  • BAPP grupper. (forebyggande tiltak  for å redusere påkjenning for born der ein/el to foreldre slit med rus og/eller psykiske problem).
  • PMTO.  (Parent managment training – Foreldretrening)
  • Kartlegging av foreldre og familie.
  • Samspelsobservasjon.
  • Besøksheim.
  • Støttekontakt.
  • Heimekonsulent.

Barnevernet skal legge vekt på kva som er best for barnet.

Privatpersonar kan også melde inn dersom dei er bekymra for barn.

 

Bekymringsmelding til Barnevernet:

https://www.bufdir.no/Barnevern/Melde_fra_til_barnevernet/

 

Nyttige linkar:

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis) www.116111.no

www.bufetat.no

www.barnevernet.no

Kontakt

Aina Holmberg
Einingsleiar
46411065