BTI - Betre tverrfagleg innsats

 

 

BTI.pngFor å betre samhandling mellom dei ulike kommunale tenestene, som arbeider med barn og unge, har Stranda kommune valt å ta i bruk organisasjonsmodellen Betre Tverrfagleg Innsats, BTI.

 

 

 

Formål

Det overordna formålet med BTI-arbeidet er å bidra til at barn, unge og deira familiar får nødvendig hjelp så tidleg som muleg. Målgruppa for arbeid etter BTI-modellen er barn og unge som har behov for hjelp, støtte og oppmerksomheit i korte eller lengre periodar i livet.

 

Korleis

BTI-modellen deler arbeidet inn tre fasar:

  • Identifisering
  • Lokal innsats, i barnehagen/på skulen.
  • Tverretatleg samarbeid

Basisteneste, som barnehage og skule, har ei viktig rolle i BTI. Dette gjeld både  å identifisere og å sette i verk tiltak tidleg. Oppgåva med identifisering er også eit ansvar for alle hjelpeteneste  (helsesøster, lege, PPT og barnevern).

Tenester som er i kontakt med vaksne har eit spesielt ansvar med å identifisere barn som pårørande.