Kulturskulen ønskjer å tilby eit variert tilbod, og har oppretta dansefag, teater, kor, kulturell førskule og Kor'KULT! Vidareutvikling av eksisterande tilbod og samspel er hovudsatsinga til kulturskulen i det komande året.
Skulen har i dag om lag 250 elevar og i tillegg står skulen for opplæringa i skulekorpsa på Stranda og i Sunnylven. Vi har og tilbod til fysisk/psykisk utviklingshemma og opptak her må det søkast særskilt om.
Opptak til kulturskulen
I utgangspunktet kan alle innbyggjarane i kommunen søke om opptak, men barn og unge mellom 6-99 år er hovudmålgruppa. Vi kan ikkje garantere at alle som søker får plass, men skulen operer med venteliste. Barn og unge som har søkt i fleire år har fortrinnsrett.
For å søkje om opptak nytter ein Stranda kulturskule sin portal på speedamin.
Retningsliner for opptak gjeldande for Stranda kulturskule finn de som PDF-dokument på denne sida, eller ved å vende seg til servicekontoret.
Eksisterande eller tidlegare elevar som vil søkje om opptak på eit nytt fag, må logge seg på med brukarnamn/passord som de har fått tilsendt. Nye søkjarar brukar valet “Ny Elev” når de skal søkje.
På det elektroniske søknadsskjemaet finn de detaljert informasjon om dei ulike tilboda i Stranda Kulturskule. Denne informasjonen er også tilgjengeleg på engelsk.
Prisar for 2023 jf. KOM 094/22
Vanleg elevplass
|
3 860 kr
|
Spesialisering I
|
6 060 kr
|
Spesialisering II
|
8 390 kr
|
Tilbod førskule/kulturell karusell
|
2 550 kr
|
Bildefag
|
2 550 kr
|
Storgruppe*
|
3 290 kr
|
Gruppetilbod vaksne (gruppe)
|
3 510 kr
|
Instrumentleige
|
740 kr
|
Materialavgift (sjølvkost) - Bildefag
|
750 kr
|
*Satsen er rettleiande for fulltidstilbod med inntil 1t varigheit. Tilboda er mangfaldige og innretning på betalingssatsar kan variere utifrå leksjonslengde, antal frammøte og konkret innhald
Prisane gjeld for heile 2023, og blir delt opp i to betalingsterminar (haust og vår).
Søknadsfrist
Kulturskulen har hovudopptak i august. Søknadsfrist er i mai kvart år.
Sjå kulturskulen sin facebookside for oppdatert informasjon om søknadsfristar.