Pedagogisk Psykologisk teneste (PP-tenesta) er Stranda kommune sin rådgivande og sakkunnige instans når det gjeld utvikling, læring og trivsel for barn under skolepliktig alder og elevar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. PP-tenesta hjelper også vaksne med behov for grunnskoleopplæring. Arbeidet til PP- tenesta er heimla i opplæringslova (oppll.). PP-tenesta er ein fagleg ressurs for barnehagar/skolar for å leggje opplæringa betre til rette for barn og elevar med særskilde behov.
Lenke til rettleiar spesialpedagogisk hjelp
Stranda PPT er ei kommunal teneste som også Møre og Romsdal fylke kjøper tenester frå, til vidaregåande opplæring på Stranda vgs og Vestborg vgs, til lærlingar og lærekandidatar.
PP-tenesta har teieplikt. Opplysningar om barnet/eleven er unnatekne det offentlege, og blir ikkje gitt vidare utan at foreldra har godteke det. Informasjon om barnet/eleven skal oppbevarast i ein eigen journal/ei eiga mappe etter retningslinjer frå Datatilsynet.
Du kan kontakte skolen, barnehagen, helsestasjonen eller PPT for å få hjelp med tilvisninga.
Tilvisingane vert behandla fortløpande. Tenesta er gratis.
Meldeskjema til PPT lastar du ned her (DOCX, 62 kB)
Kontaktinfo:
Stranda PPT
Postadresse: Øyna 13, 6200 Stranda
Digital adresse: 874618012
Besøksadresse: Stranda, Øynagården (tidlegare NAV)