Grunnskuleopplæring for vaksne

Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring har ansvar for opplæring for vaksne på grunnskulen sitt område – jamfør Opplæringslova §4a-1§4A-2:

Kapittel 4A. Opplæring spesielt organisert for vaksne
0 Kapitlet føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000 med unntak av § 4A-1, § 4A-2, § 4A-7 og § 4A-8 som trådte ikr. 1 aug 2002, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).

 

§ 4A-1.Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Det er eit vilkår for rett til grunnskoleopplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel berre rett til grunnskoleopplæring etter denne paragrafen når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til grunnskoleopplæring etter denne paragrafen fram til dato for endeleg vedtak.
0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2002, etter res. 26 apr 2002 nr. 414), endra med lov 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).

 

§ 4A-2.Rett til spesialundervisning på grunnskolens område

Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.

Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.
For opplæring etter denne paragraf gjeld § 5-1 andre ledd bortsett frå siste punktum, og §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

Du kan også lese meir på Utdanningsdirektoratet sine sider : www.udir.no

For at kommunen skal kunne vurdere om den vaksne har rett til opplæring på grunnskulen sitt område, må det føreligge ein søknad frå den vaksne(eller frå den vaksne sin verje).

Ta kontakt med Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring om du har spørsmål.

Kontakt

Stranda ungdomsskule
Einingsleiar Paul Ivar Pedersen
46411100