Teknologi i bruk i Stranda kommune
Stasjonær tryggleiksalarm

Alarmen står på ein fast plass i bustaden. Til alarmane høyrer det med ein alarmknapp. Denne alarmknappen kan festast rundt halsen, eller med armband. Trykker du på knappen vil alarmen varsle mottakar slik dei kan ta kontakt med deg via toveis tale i den stasjonære alarmenheten.
I tillegg til alarmknappen, er det mogeleg å kople til anna sensorikk som t.d. fallsensor og dørsensor.

Mobil tryggleiksalarm med lokaliseringsteknologi
Alarmen er mobil og kan nyttast både i og utanfor heimen. Alarmen har ein gul knapp for aktivering av alarm. Når du trykker på alarmen blir det sendt varsel til mottakar, mottakar kontaktar deg med via toveis tale direkte på alarmenheten. Det er og mogeleg å lokalisere brukar basert på GPS-koordinatar. Varsling kan og etter avtale gå til pårørande. Den mobile alarmen må ladast opp av brukar ved lågt batteri.
Digitalt tilsyn

Digitalt tilsyn går ut på at det er montert eit stasjonært kamera i rommet. Alarmar blir utløyst basert på bevegelse i kameraet sin synsvinkel. Teknologien passar godt for personar som t.d. ikkje kan handtere ein tryggleiksalarm manuelt. Det kan leggast filter på kamerabilete, slik at heimetenesta eller mottakar av alarm ikkje automatisk får opp bilete av rommet. Men med ein grafikk over der ein kan sjå om brukar ligg på gulv, eller står oppreist. Alarmen kan koplast til sensor som t.d. dørsensor og fallsensor.
Responssenter
Responssenterteneste, går også under namnet alarmsentral. Tenesten har som funksjon å besvare varsel og bistå både brukar og lokalt helsepersonell. Tenesta består av personell med helsefagleg autorisasjon som er tilgjengeleg heile døgnet, kvar dag, heile året. Som brukar skal gevinsten vere at ein i større grad sikrar at alle varsel vert besvart, og betre løyst. Alle varsel som responssenteret mottek, vil kunne sendast vidare til heimetenesta, ved behov. For å tilpasse behov til den enkelte brukar, vil ein gå gjennom kvar enkelt sin situasjon. Slik sikrar vi at lokal kunnskap også vert responssenteret sin kunnskap. Responssenter er ein teneste som er i bruk over heile landet, og utanfor landegrensene. Vår leverandør, Careium Norge AS, har p.t 110 norske kommuner som kunde, der t.d. Ålesund og Giske er nokon av dei. Alle brukarar i heimebasert omsorg vil møte personell ved responssenteret, før dei eventuelt møter lokal heimeteneste. Brukarar som er busatt i bemanna omsorgsbustad som Solbakken, Sunnylven og Geiranger vil møte lokalt personell. Her vil responssenteret fungere som ein backup.
Kven kan få tilbod?
Alle som bur i kommunen, som på grunn av helseutfordringar, har behov for tryggleiksalarm eller anna velferdsteknologi. Det kan t.d. vere for å kunne meistre kvardagen og bu heime lenger. Ønske og behov frå søkjar vert vurdert etter innsendt søknad.
Korleis få tilbod?
Om ein allereie har kontakt med ei helse og omsorgsteneste i Stranda kommune, kontakter ein gjeldande teneste.
Dersom du har spørsmål til søknad kan du kontakte fagleiar og ergoterapeut på epost:
velferdsteknologi@stranda.kommune.no
For å kome til søknadsportalen og fylle ut søknad, kan du klikke her.
Kva kostar det?
Tryggleiksalarm har ein sjølvkost pr. 2025 på:
Eingongskostnad: 870,-
Løpande kostnad: 367,- pr. mnd
Kva skjer vidare?
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha motteke svar frå kommunen.