Beredskap

Katastrofar, alvorlege ulukker og svikt i samfunnsviktige funksjoner avslører ofte at samfunnet ikkje er godt nok førebudd på å handtere vanskelege situasjonar tilfredsstillande. Sjølv mindre hendingar kan resultere i vesentlege tap for menneske eller verksemder og skade på miljøet. Med enkle midlar vil ein kunne unngå mange slike situasjonar. Stranda kommune tek beredskap på alvor, og vil gjennom planverk, klar rollefordeling og øvingar vere best muleg førebudd på mindre og store hendingar.

Kommunen sine oppgåver
Stranda kommune har eit ansvar for å førebygge at det oppstår situasjonar som krev ein slik innsats som nemnd nedanfor, og skal til ei kvar tid vere budd på å ta på seg følgjande oppgåver i ein krisesituasjon:
* Ta hand om skadde personar
* Yte bistand ved evakuering
* Innkvartering og forpleiing
* Forsyningsstøtte til redningsmannskap
* Informasjon til pårørande, befolkning og media
* Sikre helsemessig trygge næringsmidlar, inkl. drikkevatn
* Sikre naudstrøm ved straumstans
* Rette opp skader på kommunikasjonar og andre anlegg
* Opprydding av skadestad og yte innsats for å verne miljøet
* Verne kulturelle verdiar

Kriseleiing:

KommunedirektørIvar-Otto Kristiansen
Kommunalsjef plan og utvikling, nestleiarEinar Lied
Kommunalsjef oppvekstTone Lillebø
Kommunalsjef helse og omsorgJane Solheimsnes
OrdførarEinar Arve Nordang
VaraordførarSteinar Aanning
Brannsjef/beredskapskoordinatorInge Teigen
KommuneoverlegeAleksander Sommerdalen
PolitiTony Gjerde

 

Psykososialt kriseteam:

SosialleiarAina Holmberg
Fagleiar sosialtenestaIngeløv Tronstad
Einingsleiar Hab./rehab.Helene Rimstad
Einingsleiar Stranda og Sunnylven distriktLiv Skarbø Gjærde
Kommunalsjef oppvekstTone Lillebø
Kommunalsjef helse og omsorgJane Solheimsnes
  
PolitikontaktJon Tommy Flo
KommuneoverlegeAleksander Sommerdalen
Sokneprest Sunnylven og StordalAnn Kristin Langeland