Hageavfall

Hageavfall er alle typar busker, greiner, mindre tre o.l. 

Når du leverer hageavfall, er det er viktig å hugse på å fjerne all plast og anna uønska element.

NB! Levering frå lastebil o.l. blir rekna som levering frå næringsliv. Dersom ein privatperson kjøper tenester om fjerning av hageavfall, krev vi dokumentasjon frå dei som leverer at dette kjem frå private hagar. Større røter/tre må leverast som restavfall. Hageavfallet må vere sortert. Virke som skal flisast, må ikkje vere blanda med anna hageavfall.

Levering av vanleg hageavfall er gratis for hushald.