Målgruppe
Bustadabonnentar, næringsabonnentar.
Kriteria/vilkår
Installering av vassmålar er meldepliktige. Den som ønsker slik installasjon må kontakte et godkjent føretak (rørleggjar). Føretaket tek kontakt med kommunen og får utlevert vassmålar. Installasjonen skal kontrollerast, plomberast og godkjennast av kommunen. Når vassmålaren er plombert, skal ikkje plomben røyrast eller vassmålaren fjernast.
Pris for tenesta
Huseigar betalar for arbeidet med installering. Øvrige kostnader forbunde med vassmåler (inkludert innkjøp og framtidig utskifting av målar) dekkast via årsgebyra inkl. vassmålarleige.
Huseigars ansvar
Huseigar skal holde vassmålar lett tilgjengelig for avlesing og vedlikehald. Er målaren borte eller skada skal du omgåande gje melding til kommunen. Huseigar har ansvar for vedlikehald.
Avlesing av vassmålar
Avlesing av vassmålar skjer gjennom eiga avlesingsskjema som blir utsendt til abonnentane.
Dersom avlesinga ikkje vert utført til bestemt tid, kan kommunen berekne forbruket, eller sjølv foreta avlesing. Dersom kommunen skal lese av målaren, må kostnaden berast av abonnenten. Det anbefalast å lese av vassmålaren ofte slik at ein oppdagar t.d. vasslekkasjar eller andre feil tidleg.
Meldeskjema og kostnader
Meldingsskjema og anna informasjon kjem fram i link under artikkelen.
Ansvarleg eining
Kommunalteknikk.
Rettleiing søknadsprosess
For verksemder som er pålagt installsajon av vassmålar skal melding behandlast i næringsavdelinga i samband med byggesak. Melding frå andre som ønsker å installere vassmåler, blir behandla av kommunalteknikk. Søknad skal sendast eller leverast servicekontoret. Informasjon og rettleiing kjem fram av meldingsskjema.