Under UNESCO sitt 29. komitèmøte i Durban i Sør-Afrika den 14.07.2005, vart Vestnorsk fjordlandskap ført opp på World Heritage List, oversikten over verda sine mest viktige kultur- og naturarv. Det er dei framståande geologiske verdiane og det unike vakre landskapet som har ført til at Norge har fått sitt første naturarvområde på den prestisjetunge verdsarvlista.
Publisert av Synnøve Lindset
Publisert 23.11.2017 13.00
Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er unike i verdssamanheng og representerer to vakre og særprega fjordområde på kvar si side av den mektige Jostedalsbreen. Fjordområda kombinerer landskapsutvikling frå siste istid og fram til i dag med ein vill og vakker natur.
Begge fjord- og fjellområda er eineståande døme på unge, aktive isbrelandskap der naturkreftane enda viser seg fram. Fjordane skjærer seg dypt inn i landet som også gir oss ein unik sjanse til å studere berggrunnen i tre dimensjonar.
Verdsarvområdet har eit samla areal på ca. 597 km2, av dette ligg omtrent 413 km2 i Stranda kommune og 184 km2 i Norddal kommune. Arealet som er verna etter naturvernlova omfattar eit totalareal på ca. 499 km2.
Verdsarv
Fjordsenter